LightWEB
Startside

Om oss    Garden vår    Produkt    Kor finn du varene våre?    Oppskrifter    Omvisning    Lenkjer    Kontakt oss

LightWeb


Teblandingar


Vi har fire teblandingar i vårt sortiment:

  


VÅR VILLE FAVORITT

Denne teen som er ei blanding av berre viltveksande urter, smakar og luktar vår! Den består av villbringebærblad, bjørk, marikåpe, mjødurt, brennesle, kløver og norsk oregano (bergmynte).

 

KVARDAGSTE

Dette er ein mild urtete, god for munn og hals, og som kveldste. Den består av sitronmelisse, salvie, isop, raudkløver, ryllik, kornblomst, eplemynte og peppermynte.   
 
MIDTSOMMARDRAUM
Vinterstid er denne teen eit velsmakande sommarminne med herleg lukt. Om sommaren er den god som iste: sterk, avkjølt og eventuelt litt søta.

Inneheld anisisop, peppermynte,  sitronmelisse, solbærblad, rose og malva.

 

JULETE

Juleteen vår er god heile året, men vi set ekstra fokus på den før jul, då den er god å kombinere med "julekrydder" som nellik og ingefær. Teen består av eplemynte, monardablomst og -blad, eplebitar, sitronmelisse, solbærblad og villbringebærblad.
 
 
Enkelturter til te eller krydder
 

ANISISOP

Til te og teblandingar. Gir anissmak til kaker, dessertar m.m.

Oppskrift på anisbollar

PEPPERMYNTE

Til te og teblandingar, i kaker og dessertar, til fårekjøtt.

Oppskrift på sjokoladekake og eplekake

EPLEMYNTE 

Til te og teblandingar, i kaker og dessertar.

SITRONMELISSE

Passar der du vil ha mild sitronsmak. Til te, i urtesmør,

i loff og rundstykke. 

 
SOLBÆRBLAD
 
Til te og teblandingar. 
 
GRØNNMYNTE
 
Til te og teblandingar, i kaker og dessertar. 
 
TIMIAN
 
Til te og teblandingar.


BRENNESLE

Til te og teblandingar, i brødbakst og suppe. 

 

Oppskrift på grovbrød

BJØRKEBLAD

Til te, kan òg brukast som krydder.

MJØDURTBLOMST
 
Til te og teblandingar, men vi brukar den helst til
Mjødurtdrikk - anbefalast! 
 
 
 
Mjødurtblomst 
 
  
 
Fullstendig vareliste i excel eller pdf-format  
 
Høgt & Vilt, Urter frå Devik
                   
Kontaktperson: Bjørg Devik Aurlien
Adresse: N-6828  Hestenesøyra
Telefon: +47 57 86 91 73
Mobil: +47 908 65 761
Website: www.hogtogvilt.no

  Debio
 

© LightWeb